Follogruppa har satt opp ein Wires-X node i prøvedrift under LA5FR (Follorepeater 2m).
Noden LA5FR-RPT står på LA5FR sin repeaterfrekvens og når du kjører Fusion gjennom repeateren vil du også bli hørt av noden. Noden og repeateren er ikkje samlokalisert.
Normalt er noden kopla opp mot Wires-X rommet NORWAY-WIDE. Så viss du kjører Fusion på LA5FR vil du også snakke inn i NORWAY-WIDE.
Hvis du bruker FM vil du bare gå ut lokalt på repeateren som vanlig.
På alle Yaesu radioar som kan kjøre Fusion fins det ein X-knapp. Viss du stiller radioen på repeaterfrekvensen og trykker X-knappen koplar du deg opp mot Wires-X systemet. Da ser du på radioen din kva Wires-X rom som noden står tilkopla, og vanlegvis vil dette vera NORWAY-WIDE. Når du er kopla opp mot noden gjennom repeateren kan du liste ut alle tilgjengelige Wires-X rom (search ALL). Lista er normalt sortert slik at det rommet som har flest tilkopla nodar står øverst på lista. Det vil stå kor mange noder som er tilkopla for kvart rom i lista.

Kva trengs for å koma i gang?
Du trenger ein Yaesu radio som kan kjøre Fusion.
Du må ha lagt inn kallesignalet ditt i radioen. (dette blir du vanlegvis spurt om første gang du slår på radioen)
Gå til repeaterfrekvensen og bruk repeateren i Fusion på vanleg måte. Du vil da i tillegg til å gå gjennom repeateren også gå ut i Wires-X rommet NORWAY-WIDE.
Du kan skifte rom på noden. Da må du kopla deg opp mot Wires-X ved å trykke på X-knappen. Etter nokre sekund endrar symbolet seg på skjermen og du er tilkopla.

Nå kan du liste ut alle Wires-X romma (search ALL), eller du kan søke etter rom vha navn eller rom-nr.
Bak navnet på kvart som står der eit tall som forteller kor mange som er tilkopla rommet. Når du finner rommet du vil teste velger du dette, og noden koplar seg opp til dette rommet. Du ser da i displayet på radioen at du er kopla opp til dette rommet gjennom repeateren
Når du har kome til rommet du søkte kan det vera lurt å legge dette inn i hurtigvalg lista på radioen (ADD) så er det enkelt å koma tilbake til neste gang.
Når du koplar repeateren opp til eit rom så går alt som blir sagt i dette rommet ut over repeateren, og alt som blir sagt på Fusion på repeateren går inn i rommet.
Når du har snakka/lytta ferdig er det god kutyme å sette noden tilbake til NORWAY-WIDE.
Viss du gløymer det så er ikkje det noko krise. Noden har time-out på ca 15 min, så da hopper den tilbake av seg sjølv. Så viss du vil bruke rommet lengre, så koplar du bare opp på nytt for nye 15 min (derfor er det lurt å ha lagt rommet til hurtig valg lista)
Tips og triks:
· Når ein skiftar retning (over) er det lurt å vente eit par sekund etter du har trykt in PTT før du begynner å snakke. Det er litt forsinkelse i systemet, så med å vent litt unngår du å klippe dei først orda.
· Når du er i eit rom der det er stor trafikk kan det vera vanskeleg å koma ut av rommet. Du får ikkje skifta rom så lenge andre snakker. Da virkar det å «time» overgangen til nytt rom til det vesle oppholdet som er når samtalen skiftar retning. Det hender at du må du gjera dette i to steg for å kom dit du vil.
· Det er lurt å undersøke litt om rommet før du melder deg på. Mange rom har eigne nettsider, i tillegg er det bare å spørre. I dei fleste tilfeller er folk veldig hjelpsomme med å forklare kva som gjelder for «dette rommet»
· Viss du vil bruke Fusion over LA5FR utan å gå ut i NORWAY-WIDE så kan du kople deg opp til repeateren med Wires-X knappen og ta med noden til rommet NORWAY-FOLLO. Dette står som regel tomt, så viss det står tallet «1» bak NORWAY-FOLLO etter du har kopla deg til, er du åleine i rommet. Dvs trafikken går bare ut lokalt i Follo.
Kor finner eg meir info?
Det ligg ute mykje info om Fusion og Wires-X på nettet. Her er nokre tips:
North West Fusion Group har lagt ut mykje info på sine webbsider: https://nwfg.info/
I tillegg har dei mange instruksjonsvideoar ute på youtube som forklarar mykje om Fusion, Wires-X og om korleis skaffe seg eigen node viss ein ynskjer det.
https://www.youtube.com/@NorthWestFusionGroup
Det største engelskspråklige «Nettet» på Wires-X er utvilsomt Kansas City Wide nettverket. Dei har mange «Nett» gåande gjennom dagen og uka. Du finn utfyllande info her: https://www.kansascityroom-wide.com/
For å finne ut korleis ein setter opp Wires-X på eigen radio har Yaesu lagt ut ein del stoff på sine nettsider: https://yaesu.com/
For meir info om Wires-X og søke om eigen node: https://www.yaesu.com/jp/en/wires-x/index.php
Lister/kart over aktive noder/repeatere finn du her: