Første Forrige Neste Siste Indeks Hjem Tekst

Lysbilde 4 av 12

MININEC fungerer på følgande måte:

For å finne straumfordelinga i antennkonstruksjonen brukar MININEC ein metode som er kjent som momentmetoden (Method of Moment MoM)

Først er det gjort ei rekke antagelser som gjelder for tynne tråder (ledere):

Radiusen på tråden må vera liten mht bølgelengden

Tråden må vera delt inn i segment slik at radius på tråden er liten i forhold til segmentlengde. Dvs kun aksiale strømmar i tråden.

Forutsetter at strømmen i området på kvar sida av sementet er lik. Desse områda med lik strøm bli kalla ”pulsar”

I den etterfølgande analysen bereknar først programmet selvimpedansen ved kvar puls, og deretter koplingsimpedansen mellom denne pulsen og alle dei andre pulsane.

Dersom det finns eit jordplan blir også koplingsimpedansen mellom ”speilantenna” og den verkelege antenna berekna.

Resultatet er ei impedansmatrise (fill matrix) som blir lagra internt i programmet, og det er denne operasjonen som tar mesteparten av berekningstida.

Etter dette brukar programmet Ohms lov til å løyse ei likning mellom Impedanssmatrisa og ei spenning/straum-matrise, og ei matrise med dei ukjente ”puls” straumane. Resultatet er ei såkalla ”faktormatrise”

Etter denne operasjone er impedansen som straum/spenningskjelden ”ser” og straumen i kvar puls lett tilgjengeleg

Dersom ein vil ha ut fjern eller nærfelt summerer programmet bidraget frå kvar straumpuls, og kan berekna diagrammet ut frå det. Viss det finns eit jordplan bli direkte og reflektert bølge summert for å danne strålingsdiagrammet

Vi ser at nøyaktigheita på berekninga er avhengig av at vi har tilstrekkeleg med strømpulsar.

Programmet har ofte ei begrensning i kor mange strømpulsar som kan reknast ut og derved ei avgrensing av størrelse og kompleksitet for antenna. Me kan utnytte dei tilgjengelege pulsane bedre ved å avtrappe pulsane mot endene av elementa der vi vil anta at variasjonen i strøm pr. lengde-einheit er størst.